BIBLIOTEKAR
Guro Nesse, ungdoms – og spelbibliotekar, Deichmanske bibliotek

Kva går arbeidsoppgåvene dine ut på?

Det meste som ein gjer i eit folkebibliotek i grunn; låner ut og tar inn, formidlar både bøker, film og spel, er med på å kjøpe inn nytt materiale til avdelinga, har bokprat for klassar og mykje meir. Som ungdomsbibliotekar har eg mykje med tilrettelegging av tilbudet for den gruppa å gjere både når det gjeld arrangement og bokprat. Eg har også ansvar for spillsatsinga vår og arrangerar bl.a spillkveld ein dag i veka og nasjonal spilldag ein gong i året. I tillegg arbeidar eg ein del med arrangement både i og utanfor biblioteket, som forfattarbesøk, filmvisningar og festivalstands på bl.a. Miniøya og Øyafestivalen.

Kva likar du best med jobben din?

At ingen dag er lik og at eg får jobba med det eg syns er moro. Det er heilt utruleg at hobbyane mine no har blitt arbeidet mitt.

Kvifor valde du bibliotekarutdanninga?

Eg har alltid likt å lese og sett på film, og har alltid visst at eg ville jobbe med litteratur og kultur i ein eller anna form. Etter ein bachelor i litteratur frå universitet var eg enno meir sikker på at eg ville arbeide innanfor dette feltet. Men sidan verken læraryrket eller forlagsbransjen var spesielt fristande, vart bibliotekarutdanninga eit naturleg val, og det har eg enno ikkje angra på!

Comments are closed.