BIBLIOTEKAR
Katrine Judit Urke, student ved HiO
Katrine Judit Urke, student ved HiO

Katrine Judit Urke, student ved HiO

Kvifor fordjupar du deg i litteraturformidling på nett?

Eg vart interessert i skriftleg formidling/formidling på nett i haust då eg i faget Litteratursosiologi skulle skrive ein artikkel om eit sjølvvalgt emne. Eg las ein artikkel av Helge Ridderstrøm i Bok og bibliotek som omhandla såkalla amatørkritikk, deriblant bibliotekarar sine bokomtalar, og dei svake og sterke sidene deira. Han hevdar at bibliotekarane er nøkterne og tørre, og at bokomtalane deira er prega av pliktarbeid. Eg syntest dette høyrdes kjend og riktig ut, og eg ville gå meir i djupna og finne konkrete eksempel på at det er slik, og prøve å finne ut kvifor. Eg samanlikna bokomtalar frå bibliotekbloggar med amatørkritikk (bokelskere.no og “vanlege” folk sine bloggar) og profesjonell kritikk. Eg fann dessverre ut at bokomtalane frå bibliotekarar ofte er gørr keisame å lese, fordi dei gjerne er som eit handlingsreferat klipt ut frå vaskesetelen på boka utan analyse eller subjektive vurderingar.

Kvifor synes du at litteraturformidling på nett er spennande?

– det er viktig å møte brukarane der dei er og i formata dei er vande med
– bibliotekarane har eit stort forbetringspotensiale når det gjeld skriftleg formidling
– det er “i vinden” no med tanke på bokelskere.no (det har vore snakk om/foreslått at biblioteka skal kjøpe opp nettstaden, samt at det kan seiast å vere om ikkje ein konkurrent så iallfall ein inspirasjonskjelde – Renberg og Nesse har verkeleg fått til noko, det er jo 10 000 medlemmar der inne!)
– det er “i vinden” no med tanke på ønskebok.no (det ser ut til å kunne bli nedlagt, og biblioteknorge faktisk blir opprørte over dette. Men det trengs ei endring av sida, det er det mange som er einige om.)
– biblioteket må hugse på å vere synleg som eit alternativ. Vi har profesjonell kritikk, som vel er mykje til for å selje bøker og aviser og som kun melder heilt ferske bøker, og vi har amatørkritikk med hjerte og smerte. Bibliotekarane sine bokomtalar er der for å trekkje lånarar og kan synleggjere litterær breidde

Kvifor vil du anbefale å studere vidare etter endt bachelor?

Fleire og fleire tar høgare utdanning, og ein master er viktigare og viktigare å ha. Det ser ein også på stillingsannonser for bibliotekarjobbar, det er jo ganske mange som ønskjer kandidatar med masterutdanning, særleg ved høgskule- og universitetsbibliotek. Og så tjener jo ein betre med master.

Men min hovudgrunn til at eg tar master er at eg ikkje vart mett etter bachelor. Eg valte jo faktisk (som ganske mange andre, trur eg) å studere bibliotekfag fordi eg “likte å lese”, men eg diggar alle sidene ved profesjonen og utdanninga, at utdanninga består av den “harde” Kog-delen, den samfunnsvitskaplege Bos-delen og den humanvitskaplege Lob-delen. Og kunnskap er verd mykje i seg sjølv, meiner eg. Det er kjekt å ha mulegheit til å fordjupe seg i det ein kanskje skal arbeide med resten av livet.

Comments are closed.