BIBLIOTEKAR
Mette Rysjedal, biblioteksjef, Fjaler kommune

Mette Rysjedal, biblioteksjef, Fjaler kommune

Mette Rysjedal, biblioteksjef, Fjaler kommune

Kva arbeidsoppgåver har du?

I jobben som biblioteksjef i eit veldig lite bibliotek, er arbeidsoppgåvene mine veldig varierte. I hovudbibliotekets opningstid formidlar eg litteratur og hjelper biblioteksbrukarane fram til rett informasjon. Formidlingsarbeidet rettar seg også mot skular og barnehagar. Eg har ansvaret for samlingsutviklinga for alle bibliotekeiningane, både innkjøp og kassering, og at alt teknologisk utstyr fungerer slik det skal. I tillegg til dette skal eg også planlegge framtida og utvikle biblioteket vidare, noko som blant anna inneber utarbeiding og førebuing av biblioteksaker som skal til politisk handsaming. Dette gjer jobben min hektisk og veldig spennande. Eg likar at eg har mulegheit til å påverke arbeidet mitt og biblioteksutviklinga i kommunen.

Kva andre jobbar har du hatt?

Under studiet ved JBI hadde eg ekstrajobb på biblioteket ved Norges musikkhøgskole og Deichmanske bibliotek, noko som ga meg fantastisk praksis og erfaring som var viktig for meg under utdanninga. Som ferdigklekt bibliotekar fekk eg jobb på Deichmanske bibliotek, hovedbiblioteket, der eg jobba i nesten 5 år. Eg hadde forskjellige stillingar, og jobba blant anna med film, engelsksamling for unge lesarar, Kinoteket, kjeldekritikkopplæring for vidaregåande skular, nettpublisering og var ei stund leiar ved Utviklingsenheten ved biblioteket.

Kven vil du anbefale studiet for?

Eg trur studiet passar for mange forskjellige typar menneske, ettersom ein etter endt utdanning har kompetanse til forskjellige typar jobb, anten det er tradisjonelt folke-/fagbibliotek eller andre områder der bibliotekskompetansen trengs. Mine studiekameratar har endt opp i både offentleg og privat verksemd etter endt utdanning, og langt frå alle jobbar i tradisjonelle bibliotekstillingar. Å vere oppteken av kulturformidling kan vere ein innfallsvinkel. Ein annan kan vere at ein er interessert i informasjonstilgjengeleggjering(organisering/gjenfinning). Dette er ikkje eit “kosestudie”, å jobbe som bibliotekar kan vere ganske hektisk. Ein ting eg meiner er veldig viktig for dette studiet er ein viss teknisk kompetanse og interesse for teknologi. I dagens samfunn er biblioteket som andre verksemder gjennomsyra av teknologi, og slik kjem det til å halde fram. Og det tykkjer eg er kjempespennande.

Comments are closed.